Vestkapp ligg 496 m.o.h, og er eit av dei mest spetakulære utsiktspunkta på kysten av Noreg. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. Området er kjent for skiftande vêr, frå speilblankt hav til storm og orkan. I løpet av kort tid kan tåke legge seg over Vestkapp og forsvinne. På godevêrsdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. Om sommaren kan ein òg møte sau og hest på sommarbeite i dette vakre naturområdet.
Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta for sine straumar og raskt skiftande vêr. Mange skip har diverre enda ferda si i disse farvatna, som omtalast som eit av dei mest vêrharde områda i Noreg. Dette er hovudgrunnen til at ein no planlegger å byggje Stad Skipstunnel.
I Vestkapphuset finn du Vestkapp Restaurant. Her kan du nyte ein betre, lokal lunsj og middag med ei fantastisk utsikt i skiftande vêrforhold!