Your address will show here +12 34 56 78
Ervik og Hovden

Inni ei vik ytst på Stadlandet som strekkjer seg som ein knyttneve ut i storhavet, finn du bygda Ervik. Bygda er lita, men rommer mykje, både av historie og aktivitetar i notida. Her finn du ei flott sandstrand, tett attmed den særprega kyrkjegarden og minnekapellet over ulukka med St. Svithun hausten 1943. Her i Ervik finn du og den dramatiske krigshistoria med festningsanlegg i Hovden og minnekapell over russarar og ukrainarar som døydde i den tyske fangeleiren. Hovudnæringa er landbruk og reiseliv. Her er er store, veldrevne gardar og ei av dei beste surfestrendene i Noreg. I tillegg er Noregs største linebåtrederi - Ervik Havfiske - opprinneleg herfrå.