Your address will show here +12 34 56 78

Ervik kyrkje

Ervik kyrkje, tidlegare Ervik kapell, er ei langkyrkje frå 1970. Kyrkja vart reist til minne om forliset til hutigruteskipet DS «Sanct Svithun» under andre verdskrigen der 50 mista livet. Bygdefolket medverka sterkt til berginga av dei 78 andre. Inni kyrka er det fleire minne frå skipet, blant anna skipsklokka, medan ankeret ligg utanfor kyrkja. Kyrkja vart soknekyrkje i 1997 Arkitekt: Arnstein Arneberg og Olav Platou Sitjeplassar: 150

Leikanger kyrkje

Leikanger kyrkje er ei langkyrkje bygd i tre frå 1866. Kyrkja vart bygd av materialane frå Selje kyrkje, som hadde stått i bygda Selje sidan 1654. I kyrkja heng tre altartavler; frå Bø, Selje og Leikanger. Den eldste er frå 1600, den andre frå 1694, og den tredje er frå 1895. Preikestolen er frå Selja, datert 1592. I 1895 vart kyrkja mykje utvida under leiing av arkitekt Lars Sølvberg. Den fekk då plass til nesten dobbelt så mange som før. Kyrkja har vore soknekyrkje i Leikanger sokn sidan 1997.

Selje kyrkje

Selje kyrkje er ei langkyrkje bygd i tre frå 1866. Kyrkja er soknekyrkje i Selje sokn i Nordfjord prosti. Dagens kyrkje erstatta ei tømra kyrkje som vart for lita. Gamlekyrkja hadde vorte flytt dit frå Bø på Selja i 1654. Den vart riven i 1866 og frakta rundt Stadtlandet der kyrkja vart sett oppatt som Leikanger kyrkje. Arkitekt: Frederik Hannibal Stockfleth Sitjeplassar: 500