Opp frå det lunefulle Stadhavet stig sagaøya Selja som ein mektig, grøn katedral. Dette er staden der historia om den første og einaste kvinnelege helgenen, Sankta Sunniva stammar frå.
Øya har to ulike klosteranlegg. Det eine helgenanlegget ligg oppe i fjellsida og det andre er klosteranlegget nede på sletta med klostertårenet intakt.
«Å reise til Selja er som å stige inn i eit eventyr.
Det er di eiga historie.
Du ber litt meir av ho i deg når du reiser herifrå.»