Your address will show here +12 34 56 78

Hoddevik

Hoddevik er ei bygd på Ytre Stadlandet med hovudnæring innan landbruk og reiseliv. Bygda er i dag mest kjend for ei halvannen kilometer lang sandstrand som blir rekna for å vere ein av Noregs beste surfepots. Faktisk vil mange sei at den er ein av verdas beste! I Hoddevik er det heilårsaktivitet når det gjeld surfing. Stad Surfing og Lapoint Surfeskule driv aktivt med surfing heile året, og der finst overnattingsstadar der både nybyrjarar og erfarne surfarar kan møtast før dei legg ut i bølgjene.