Your address will show here +12 34 56 78
Indre Fure

Indre Fure er eit idyllisk gardstun, med ei historie attende til 1300 talet, og er eit av dei siste klyngetuna her i landet. Vegen kom dit først i 1966. Frå Indre Fure kan ein gå til Ytre Fure. Denne turen tar omkring ein time, og dette er ein populær spasertur.

Ytre Fure

'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu' Turen ut hit er ei unik påminning om korleis generasjonane før oss har levd. Området består av to gardar, som vart fråflytta på 60-talet, men er godt vedlikehaldne, og mykje nytta i sommarhalvåret. Området er utvald som eit av dei mest verneverdige kulturlandskap i Norge.