Your address will show here +12 34 56 78
Aardalen

Garden Aardal vart fraflytta så seint som i 1957 og den ligg veglaus til med utsikt mot klosterøya Selja. Garden Aardal er det vi kan kalle eit typisk vestnorsk gardstun, med historie langt attende i tid. Det som gjer at tunet er så spesielt i dag er at det ikkje har vore maskinell drift i det heile og bygningsmiljø og kulturlandskap er difor svært autentisk. Frå Skårbø, som ligg 5 km frå Selje sentrum, er det ein kort tur i lett tereng ut til Aardal. Turen er ei oppleving i seg sjølv. Stranda utover er sørvend og lun, noko som pregar vegetasjonen. I fjøra er det fine steinheller, svaberg, kulpar og rullestein.