Your address will show here +12 34 56 78
Dragseidet

Dragseidet er det vestlegaste av tre 'eide' over Stadhalvøya. Namnet kjem truleg av at sjøfarande frå uminnelege tider drog båtane over eidet når det ikkje var vertilhøve for kryssing av Stadhavet. Dragseidet er også godt kjend frå soga som fortel at Olav Tryggvasson i 997 kalla leirarane frå fire fylke til tings her for å få dei til å ta mot den nye trua. På høgaste punktet på eidet står ein bauta på 'Kongshaugen'. Lenger nord vart det i 1913 reist ein steinkross til minne om kristningsarbeidet i 997 der bondeleiarane etter soga fekk valet mellom dåpen og kristentrua.